4 Bustad til leige

Lytt og les teksten om bustad til leige. Les påstandane og vel riktig eller galt.

enebolig.jpg

A2_Leksjon17_Oppgave4_ny.mp3

Einebustad til leige

Vi har ein nydeleg einebustad til leige i eit etablert og populært område med kort veg til sentrum. Bustaden passar for familiar med barn. Bustaden er på heile 130 kvadratmeter, og han har 3 soverom, ei romsleg stove og eit moderne kjøkken med integrerte kvitevarer. Badet er nyoppussa, og det er òg vaskerom. Vaskemaskin og tørketrommel blir leigd ut med bustaden. Elles er ikkje bustaden møblert. Rundt huset er det ein stor hage, og det er kort veg til buss og butikk. Husleiga er på 15 000 kroner per månad, og depositum er 30 000 kroner. Ring til meklar for å avtale vising. Adressa er Oscar Braatens veg 72.

1. Det er ei leilegheit i ei blokk.

2. Det er ein einebustad.

3. Bustaden ligg på landet med lang veg til byen.

4. Bustaden passar for einslege eller par.

5. Bustaden er på 130 kvadratmeter.

6. Bustaden har tre soverom.

7. Bustaden har ei lita stove.

8. Kjøkkenet er gammalt.

9. Badet er nyoppussa.

10. Det kostar 30 000 kroner i månaden å leige bustaden.